TEMA: Propaganda
Norsk propaganda frå NS-regjeringa
Propaganda på film
NS klarte ikkje å bruke filmen som propagandamedium like godt som nasjonalsosialistane i Tyskland. Goebbels klarte på ein meistarleg måte å utnytte (dokumentar)filmen som eit sterkt middel til å samle folket om Hitler.
I Norge brukte NS først og fremst Filmrevyen som propagandamiddel. Gjennom desse korte dokumentariske klippa ønskte ein å framstille norsk daglegliv og politiske hendingar på ein måte som fremja NS-ideologi. Filmrevyen vart vist som obligatorisk førfilm til spelefilmar.
I tillegg til Filmrevyen vart det produsert eigne filmar til propaganda for verving til frontteneste, Arbeidsteneste, Hirden osv.
Det vart også produsert eit par spelefilmar med NS-ideologi , utan at desse vart spesielt lagt merke til.
|