TEMA: Propaganda
Norsk propaganda frå NS-regjeringa
Propaganda på plakatar
Nasjonal Samling brukte bevisst plakatar som eitt av sine viktigaste virkemiddel for å vinne folket. Plakatane var sterke i fargane, og synte stiliserte menneske med blonde, ariske trekk. Dei var laga for å verke som augnefangarar, der dei vart slegne opp i det offentlege rommet.
Norge hadde i mellomkrigstida ein sterk tradisjon i å lage verknadsfull reklame, og fleire fagfolk frå reklamemiljøet vart med i NS for nå å lage politisk reklame.
Harald
Damsleth var ein av desse, og han laga ei rekkje svært oppsiktsvekkjande plakatar for partiet.
Gode jøssingar tykte naturleg nok lite godt om desse plakatane som hang overalt, og som det ikkje var lett å oversjå. Mange reiv plakatane ned når dei kunne. Men i 1944 kom det ei lov som m.a. gjorde det straffbart å rive ned slike plakatar.
Her er eit lite utval av slike plakatar (klikk på dei for større format):


Meir om Harald Damsleth (NorgesLexi)
|