TEMA: Propaganda
Alliert propaganda

Den allierte propagandaen la stor vekt på å konfrontere Goebbels dyktige propaganda med verkelige fakta frå frontane, for å skape tillit til resten av informasjonen. Denne vektleggjinga på fakta og sannheit gjaldt også heimefronten. Det engelske propaganda-apparatet førte ein knallhard kamp med dei militære myndigheitene for å få gjennomført dette prinsippet (dei militære leiarane ville i første del av krigen helst halde skjult for folket kor ille det eigenleg stod til).
Den amerikanske propagandaen hadde heilt andre problem. Det var ikkje vanskelig å forklare amerikanarane kvifor dei måtte kjempe mot japanarane, sidan desse hadde angrepe først. Verre var det å vinne forståing for kvifor amerikanarane også måtte kjempe krigen i Europa.
Oppskrifta for amerikansk propaganda blei tesen om at USA hadde ei moralsk forplikting til å kjempe ein overlevingskamp for demokratiet og den amerikanske levemåten, ein kamp som ville gjere USA moralsk og politisk sterk. Ikkje minst blei filmindustrien i Hollywood trukke sterkt inn i den psykologiske krigføringa.
Primærkilder
Sekundærkilder
|