|

Krigsminne
Krigsminne er ein ny nettstad som skal formidle forteljingane til folk som opplevde okkupasjonsåra på ulike måter. Her finn vi "vanlege" folk som prøvde å kome seg gjennom så godt dei kunne, motstandsfolk som gjorde det dei meinte var deira plikt mot okkupanten og NS-folk og frontkjemparar som også har sine forteljingar.
M.a. følgjer vi ein vanleg tysk soldat som var med på felttoget på Vestlandet gjennom dagboka han skriv og eit hundretals bilde som han tek av krigshandlingane etter kvart som dei tyske soldatane forfølgjer dei flyktande norske styrkane langs Bergensbanen oppover mot høgfjellet.
Vidare vert det presentert eit unikt materiale av førsteklasses fargediasbilde som ein tysk marineoffiser tok med sitt Leicakamera, og gjennom animasjonar og bilde formidlar nettstaden eit utval av festningsverka i Festung Norwegen.
Nettstaden er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturnett Hordaland og Høgskolen i Bergen, støtta av ABM-utvikling, og vert ferdig i løpet av hausten 06.
For meir informasjon om prosjektet
|
|